Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 17:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei bøn av David.Høyr, Herre, lat mi rettferd tala,lytt til mi bøn, høyr når eg ropar,leppene mine er utan svik.

2. Frå deg må retten min koma,dine auge ser jo kva som er rett!

3. Prøv mitt hjarte,gransk det om natta,prøv meg med eld!Du finn ikkje noko skammeleg hos meg.Min munn syndar ikkje.

4. Kva menneska enn gjorde,vakta eg meg for vegen valdsmenn går,etter ditt ord.

5. Stødig gjekk eg i dine spor,føtene vakla ikkje.

6. Gud, eg ropar til deg, du som svarar.Vend øyret til meg og høyr mine ord!

Les hele kapitlet Salmane 17