Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 148:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Dei skal lova Herrens namn,for han baud, og dei vart skapte.

6. Han gav dei sin stad for alltid,fastsette ei ordning som ikkje forgår.

7. Lovsyng Herren frå jorda,store sjødyr og alle havdjup,

8. eld og hagl, snø og skodd,stormvind som set hans ord i verk,

9. fjell og alle haugar,frukttre og alle sedrar,

10. ville dyr og alt fe,krypdyr og fuglar med venger,

11. kongar på jorda og alle folk,stormenn og alle styresmenn på jord,

12. unge menn og jenter,gamle folk og gutar!

13. Dei skal lova Herrens namn,berre hans namn er opphøgt.Hans herlegdom er over himmel og jord.

14. Han har reist opp eit horn av kraft for sitt folktil ære for alle sine trugne,for Israel, folket som er han nær.Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 148