Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 148:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Halleluja!Lovsyng Herren frå himmelen,lov han i det høgste!

2. Lov han, alle hans englar,lov han, heile hans hær!

3. Lov han, sol og måne,lov han, alle lysande stjerner!

4. Lov han, du høgste himmel,og vatnet over himmelen!

5. Dei skal lova Herrens namn,for han baud, og dei vart skapte.

6. Han gav dei sin stad for alltid,fastsette ei ordning som ikkje forgår.

7. Lovsyng Herren frå jorda,store sjødyr og alle havdjup,

8. eld og hagl, snø og skodd,stormvind som set hans ord i verk,

9. fjell og alle haugar,frukttre og alle sedrar,

10. ville dyr og alt fe,krypdyr og fuglar med venger,

11. kongar på jorda og alle folk,stormenn og alle styresmenn på jord,

Les hele kapitlet Salmane 148