Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 147:16-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Han lèt snøen falla som ull,han strør ut rim som oske.

17. Han kastar hagl som smular,kven kan stå seg mot hans kulde?

18. Så sender han sitt ord, og alt smeltar,han pustar, og vatnet strøymer.

19. Han kunngjorde sitt ord for Jakob,sine forskrifter og lover for Israel.

20. Slik gjorde han ikkje for noko anna folk,dei kjenner ikkje hans lover.Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 147