Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 146:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Halleluja!Lovsyng Herren, mi sjel!

2. Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv,syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.

3. Stol ikkje på fyrstar,menneske som ikkje kan hjelpa.

4. Dei andar ut og blir til jord att,den dagen fell planane i grus.

5. Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelparog set si von til Herren sin Gud.

6. Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei,han er trufast til evig tid.

7. Han hjelper dei undertrykte til deira rett,han gjev mat til dei som svelt. Herren set dei bundne fri.

8. Herren gjev dei blinde syn. Herren reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei rettferdige.

9. Herren vernar innflyttarar.Han held enkjer og farlause oppe,men gjer vegen kroket for dei som gjer urett.

10. Herren er konge til evig tid,din Gud, Sion, frå slekt til slekt.Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 146