Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 145:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein lovsong av David.Alef אEg vil opphøgja deg, min Gud og konge,og velsigna namnet ditt til evig tid.Bet ב

2. Eg vil velsigna deg kvar dagog lovsyngja namnet ditt til evig tid.Gimel ג

3. Stor er Herren og verdig lov og pris,stordomen hans kan ingen granska.Dalet ד

4. Slekt etter slekt prisar dine gjerningarog fortel om dine storverk.He ה

5. Eg grundar på din høge herlegdom og di æreog på dine underfulle ord.Waw ו

6. Dei talar om dine sterke og skremmande gjerningar,eg fortel om dine storverk.Zajin ז

7. Dei lèt gjetordet gå om alt det gode du gjer,og jublar over di rettferd.Het ח

8. Herren er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn.Tet ט

9. Herren er god mot alle,mild mot alt han har skapt.Jod י

10. Alle dine skapningar prisar deg, Herre,dine trugne velsignar deg.Kaf כ

11. Dei fortel om di herlege kongsmaktog talar om ditt velde.Lamed ל

Les hele kapitlet Salmane 145