Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 143:4-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Livsånda slokna i meg,hjartet vart lamma av skrekk.

5. Eg kjem gamle dagar i hug,eg tenkjer på heile ditt verk,grundar på det dine hender har gjort.

6. Eg retter ut hendene mine til deg,lengtar etter deg lik tørstande jord. Sela

7. Skund deg og svar meg, Herre,mi ånd går til grunne.Løyn ikkje andletet for meg,elles blir eg lik dei som går i grav.

8. Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,eg set mi lit til deg!Lær meg den vegen eg skal gå,for eg lyfter mi sjel til deg.

9. Fri meg frå mine fiendar, Herre!Hos deg søkjer eg ly.

10. Lær meg å gjera din vilje,for du er min Gud!Lat din gode Ande leia megpå jamn grunn.

11. For ditt namn skuld, Herre,hald meg i live!Du som er rettferdig,før meg ut av trengsla!

12. Du som viser miskunn, rydd ut mine fiendarog gjer ende på alle som står imot meg!For eg er din tenar.

Les hele kapitlet Salmane 143