Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 143:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn,vend øyret til mitt rop om nåde!Svar meg, du som er trufast og rettferdig.

2. Gå ikkje i rette med din tenar.For ingen som lever, er rettferdig for deg.

3. Fienden har jaga meg, slege meg til jorda.Han har sett meg i stummande mørker,lik dei som er døde for lenge sidan.

4. Livsånda slokna i meg,hjartet vart lamma av skrekk.

5. Eg kjem gamle dagar i hug,eg tenkjer på heile ditt verk,grundar på det dine hender har gjort.

6. Eg retter ut hendene mine til deg,lengtar etter deg lik tørstande jord. Sela

7. Skund deg og svar meg, Herre,mi ånd går til grunne.Løyn ikkje andletet for meg,elles blir eg lik dei som går i grav.

8. Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,eg set mi lit til deg!Lær meg den vegen eg skal gå,for eg lyfter mi sjel til deg.

Les hele kapitlet Salmane 143