Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 141:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Lat ein rettferdig slå meg, det er kjærleik.Lat han refsa meg, det er olje på mitt hovud,slikt avviser eg ikkje.Men mi bøn står stadig mot deira vondskap.

6. Dommarane deira skal støytast nedover berget,dei skal høyra at orda mine var gode.

7. Knoklane våre ligg strødde ved gapet til dødsriketsom når ein pløyer og velter opp jord.

8. Gud Herre, auga mine er vende mot deg,eg søkjer tilflukt hos deg.Riv ikkje vekk livet mitt!

9. Vern meg frå snara dei set for meg,for fellene til dei som gjer urett!

10. Lat dei urettferdige falla i eige garnmedan eg går rett forbi.

Les hele kapitlet Salmane 141