Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 141:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme av David. Herre, eg ropar til deg. Skund deg til meg!Lytt når eg ropar!

2. Lat mi bøn vera røykjelse for deg,mine opplyfte hender eit kveldsoffer.

3. Herre, set vakt for min munn,vern mine leppers dør!

4. Bøy ikkje mitt hjarte mot det vonde,mot lovlaus gjerning saman med dei som gjer urett!Den utsøkte maten deira vil eg ikkje smaka.

5. Lat ein rettferdig slå meg, det er kjærleik.Lat han refsa meg, det er olje på mitt hovud,slikt avviser eg ikkje.Men mi bøn står stadig mot deira vondskap.

Les hele kapitlet Salmane 141