Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 140:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Fri meg, Herre, frå vonde menneske,vern meg mot valdsmenn,

3. dei som tenkjer ut vonde planar i hjartetog dagleg eggjar til strid.

4. Dei gjer tunga kvass som slangen,under leppene har dei ormegift. Sela

5. Vakta meg, Herre, for handa til lovlause,vern meg mot valdsmenn som vil setja krokfot.

6. Dei stolte set snarer,attmed stigen spenner dei snorer og nett,dei set feller for meg. Sela

7. Eg seier til Herren: Du er min Gud, Herre, vend øyret til mitt rop om nåde!

8. Gud Herre, min sterke frelsar,du vernar hovudet mitt i kamp.

9. Herre, gjev ikkje dei urettferdige det dei ønskjer,lat ikkje planane deira lukkast! Sela

10. Dei som samlar seg rundt meg, lyfter hovudet.Lat uretten dei har på leppene, dyngja dei ned!

11. Lat gloande kol regna over dei,lat dei falla i djupe groperså dei ikkje reiser seg meir.

Les hele kapitlet Salmane 140