Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 139:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Før eg har eit ord på tunga, Herre,kjenner du det fullt ut.

5. Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,du har lagt di hand på meg.

6. Det er eit under eg ikkje skjønar,det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.

7. Kvar skulle eg gå frå din pust,kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?

8. Stig eg opp til himmelen, er du der,legg eg meg i dødsriket, er du der òg.

9. Tek eg soloppgangens vengerog slår meg ned der havet endar,

10. då fører di hand meg jamvel der,di høgre hand held meg fast.

11. Eg kan seia: «Lat mørkret løyna megog lyset omkring meg bli natt.»

12. Men mørkret er ikkje mørkt for deg,natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.

13. For du har skapt mine nyrer,du har vove meg i mors liv.

14. Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga.Underfulle er dine verk, det veit eg godt.

15. Knoklane mine var ikkje skjulte for degdå eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.

16. Auga dine såg meg då eg var eit foster.Alle dagar er skrivne opp i di bok,dei fekk form før éin av dei var komen.

17. Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg,summen av dei er ufatteleg!

Les hele kapitlet Salmane 139