Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 139:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg,summen av dei er ufatteleg!

18. Tel eg dei, er dei tallause som sand,blir eg ferdig, er eg enno hos deg.

19. Gud, om du ville drepa den lovlause,om drapsmennene veik frå meg!

20. Dei talar svikefullt om deg,fiendane dine sver falskt.

21. Herre, eg hatar dei som hatar deg,og avskyr dei som står deg imot!

22. Eg hatar dei med eit grenselaust hat,dei har vorte mine fiendar.

23. Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte,prøv meg og kjenn mine tankar!

24. Sjå om eg følgjer avgudsveg,og lei meg på den evige vegen!

Les hele kapitlet Salmane 139