Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 139:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Men mørkret er ikkje mørkt for deg,natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.

13. For du har skapt mine nyrer,du har vove meg i mors liv.

14. Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga.Underfulle er dine verk, det veit eg godt.

15. Knoklane mine var ikkje skjulte for degdå eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.

16. Auga dine såg meg då eg var eit foster.Alle dagar er skrivne opp i di bok,dei fekk form før éin av dei var komen.

17. Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg,summen av dei er ufatteleg!

18. Tel eg dei, er dei tallause som sand,blir eg ferdig, er eg enno hos deg.

19. Gud, om du ville drepa den lovlause,om drapsmennene veik frå meg!

20. Dei talar svikefullt om deg,fiendane dine sver falskt.

21. Herre, eg hatar dei som hatar deg,og avskyr dei som står deg imot!

22. Eg hatar dei med eit grenselaust hat,dei har vorte mine fiendar.

Les hele kapitlet Salmane 139