Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 129:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein song til festreisene.Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,skal Israel seia,

2. hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,men dei har ikkje vunne over meg.

3. På ryggen min har plogmenn pløgdog drege lange fòrer.

4. Men Herren er rettferdig,reipa til dei urettferdige har han hogge av.

5. Måtte alle som hatar Sion,dra seg tilbake med skam!

6. Måtte dei bli lik gras på taket,som visnar før ein får slege det.

7. Den som haustar det, får ikkje handa full,den som samlar, får ikkje fanget fylt,

8. dei som fer framom, seier ikkje: Herrens velsigning vere over dykk!Vi velsignar dykk i Herrens namn!

Les hele kapitlet Salmane 129