Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 122:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein song til festreisene. Av David.Eg vart glad då dei sa til meg:«Vi vil gå til Herrens hus.»

2. Føtene våre ståri portane dine, Jerusalem.

3. Jerusalem, du er bygdsom ein heil og samla by!

4. Dit dreg stammane opp, Herrens stammar!Det er ei lov for Israelå prisa Herrens namn.

5. Ja, der står troner for dommarar,kongsstolar for Davids hus.

6. Bed om fred for Jerusalem!Må dei som elskar deg, leva trygt!

7. Må fred råda innanfor dine vollar,tryggleik i dine borger!

8. For mine brør og vener skuldvil eg seia: «Fred over deg!»

Les hele kapitlet Salmane 122