Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 12:3-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Alle talar løgn med sin neste,dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte.

4. Herren skal rydda ut alle glatte lepper,kvar tunge som talar store ord,

5. dei som seier: «I tunga ligg vår makt,vi har leppene med oss.Kven er herre over oss?»

6. «Dei hjelpelause blir undertrykte,og dei fattige stønnar,difor vil eg reisa meg», seier Herren.«Eg vil berga den som blir forakta.»

7. Herrens ord er reine ord,sølv lutra i smelteomnen,sju gonger reinsa.

8. Du, Herre, vil vara dei,verna dei mot denne slekt for alltid

9. når lovlause er på ferde overaltog det usle får makta mellom folk.

Les hele kapitlet Salmane 12