Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 12:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein salme av David.

2. Frels meg, Herre! Dei trugne er borte.Det finst ikkje trufaste menneske meir.

3. Alle talar løgn med sin neste,dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte.

4. Herren skal rydda ut alle glatte lepper,kvar tunge som talar store ord,

5. dei som seier: «I tunga ligg vår makt,vi har leppene med oss.Kven er herre over oss?»

6. «Dei hjelpelause blir undertrykte,og dei fattige stønnar,difor vil eg reisa meg», seier Herren.«Eg vil berga den som blir forakta.»

7. Herrens ord er reine ord,sølv lutra i smelteomnen,sju gonger reinsa.

8. Du, Herre, vil vara dei,verna dei mot denne slekt for alltid

Les hele kapitlet Salmane 12