Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:96-115 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

96. Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense,men ditt bod når uendeleg vidt.Mem מ

97. Kor eg elskar di lov!Eg grundar på henne heile dagen.

98. Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar.Det er alltid hos meg.

99. Eg skjønar meir enn alle mine lærarar,for eg grundar på dine lovbod.

100. Eg har meir innsikt enn dei gamle,for eg tek vare på dine påbod.

101. Eg held føtene borte frå vonde vegarså eg kan akta på ditt ord.

102. Eg vik ikkje frå dine lover,for du rettleier meg.

103. Kor søte dine ord er for ganen,betre enn honning i munnen.

104. Eg får innsikt av dine påbod,difor hatar eg falske vegar.Nun נ

105. Ditt ord er ei lykt for min fotog eit lys for min stig.

106. Eg har svore, og det står eg ved,at eg vil halda dine rettferdige lover.

107. Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt!

108. Herre, ta imot gåva frå min munnog lær meg dine lover!

109. Eg går alltid med livet i hendene,men gløymer ikkje di lov.

110. Dei lovlause sette ei snare for meg,men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod.

111. Dine lovbod er min eigedom for alltid,dei gleder mitt hjarte.

112. Eg bøyer hjartet mot dine forskrifterfor alltid, til evig tid.Samek ס

113. Eg hatar dei som har eit delt hjarte,men eg elskar di lov.

114. Du er mitt vern og mitt skjold,eg ventar på ditt ord.

115. Vik frå meg, valdsmenn!Eg vil ta vare på boda frå min Gud.

Les hele kapitlet Salmane 119