Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:91-105 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

91. Etter dine lover står dei til denne dag,for alle ting må tena deg.

92. Om eg ikkje frydar meg over di lov,går eg til grunne i mi naud.

93. Eg gløymer aldri dine påbod,ved dei gjev du meg liv.

94. Frels meg, for eg er din!Eg spør etter dine påbod.

95. Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg,eg tenkjer på dine lovbod.

96. Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense,men ditt bod når uendeleg vidt.Mem מ

97. Kor eg elskar di lov!Eg grundar på henne heile dagen.

98. Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar.Det er alltid hos meg.

99. Eg skjønar meir enn alle mine lærarar,for eg grundar på dine lovbod.

100. Eg har meir innsikt enn dei gamle,for eg tek vare på dine påbod.

101. Eg held føtene borte frå vonde vegarså eg kan akta på ditt ord.

102. Eg vik ikkje frå dine lover,for du rettleier meg.

103. Kor søte dine ord er for ganen,betre enn honning i munnen.

104. Eg får innsikt av dine påbod,difor hatar eg falske vegar.Nun נ

105. Ditt ord er ei lykt for min fotog eit lys for min stig.

Les hele kapitlet Salmane 119