Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Korleis held den unge stigen sin rein?Ved å akta på dine ord.

10. Eg søkjer deg av heile mitt hjarte,lat meg ikkje villast bort frå dine bod!

11. Eg gøymer ditt ord i hjartetså eg ikkje skal synda mot deg.

12. Velsigna er du, Herre!Lær meg dine forskrifter!

13. Leppene mine reknar oppalle lovene frå din munn.

14. Dine lovbod viser meg veg,dei gjev like stor glede som all rikdom.

15. Eg vil grunda på dine påbod,festa blikket på dine stigar.

16. Eg frydar meg over dine forskrifter,eg gløymer ikkje dine ord.Gimel ג

Les hele kapitlet Salmane 119