Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:81-93 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

81. Eg tærest bort av lengsel etter di frelse,eg ventar på ditt ord.

82. Auga sloknar, eg ventar på dine ord,eg spør: «Når vil du trøysta meg?»

83. Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk,likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.

84. Kor mange dagar har din tenar att?Når vil du fella dom over dei som jagar meg?

85. Dei frekke grev fallgraver for megi strid med di lov.

86. Pålitelege er alle dine bod.Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.

87. Dei har mest gjort ende på meg her på jorda,men eg forlèt ikkje dine påbod.

88. Gjev meg liv i di miskunn,så vil eg halda lovbodet frå din munn.Lamed ל

89. I all æve, Herre,står ditt ord fast i himmelen.

90. Din truskap varer frå slekt til slekt,du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.

91. Etter dine lover står dei til denne dag,for alle ting må tena deg.

92. Om eg ikkje frydar meg over di lov,går eg til grunne i mi naud.

93. Eg gløymer aldri dine påbod,ved dei gjev du meg liv.

Les hele kapitlet Salmane 119