Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:74-85 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

74. Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade,for eg ventar på ditt ord.

75. Herre, eg veit at lovene dine er rette,at du var trufast då du audmjuka meg.

76. Lat di miskunn vera mi trøystslik du har sagt til din tenar!

77. Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva,for eg frydar meg over di lov.

78. Lat dei frekke bli til skamme,dei som krenkjer meg med løgn.Eg grundar på dine påbod.

79. Lat dei som fryktar deg, koma tilbake,lat dei som kjenner dine lovbod, koma til meg.

80. Lat meg følgja dine forskrifter med heilt hjarteså eg ikkje blir til skamme.Kaf כ

81. Eg tærest bort av lengsel etter di frelse,eg ventar på ditt ord.

82. Auga sloknar, eg ventar på dine ord,eg spør: «Når vil du trøysta meg?»

83. Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk,likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.

84. Kor mange dagar har din tenar att?Når vil du fella dom over dei som jagar meg?

85. Dei frekke grev fallgraver for megi strid med di lov.

Les hele kapitlet Salmane 119