Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:61-77 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

61. Dei lovlauses band slyngjer seg om meg,men eg gløymer ikkje di lov.

62. Midt på natta står eg opp og prisar degfor dine rettferdige lover.

63. Eg er ven med alle som fryktar deg,med dei som held dine påbod.

64. Herre, jorda er full av di miskunn.Lær meg dine forskrifter!Tet ט

65. Herre, du gjer vel mot din tenarslik som du har sagt.

66. Gjev meg kunnskap og godt vit,eg stolar på dine bod!

67. Før eg vart audmjuka, var eg på villspor,no held eg det du har sagt.

68. Du er god, og det du gjer, er godt.Lær meg dine forskrifter!

69. Dei frekke svertar meg med løgn,eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte.

70. Deira hjarte er sløvt av feitt,men eg frydar meg over di lov.

71. Det var godt for meg å bli audmjukaså eg kunne læra dine forskrifter.

72. Lova frå din munn er betre for megenn mengder av gull og sølv.Jod י

73. Dine hender har skapt meg og halde meg oppe.Gjev meg skjøn så eg lærer dine bod!

74. Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade,for eg ventar på ditt ord.

75. Herre, eg veit at lovene dine er rette,at du var trufast då du audmjuka meg.

76. Lat di miskunn vera mi trøystslik du har sagt til din tenar!

77. Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva,for eg frydar meg over di lov.

Les hele kapitlet Salmane 119