Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:47-56 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

47. Eg frydar meg over dine bod,dei som eg elskar.

48. Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar,og grundar på dine forskrifter.Zajin ז

49. Kom i hug ditt ord til din tenar.Gjennom det har du gjeve meg von.

50. Det er mi trøyst i naudaat ditt ord gjev meg liv.

51. Dei frekke håner meg grovt,men eg har ikkje bøygd av frå di lov.

52. Eg kjem i hug dine lover frå gammal tid, Herre, då finn eg trøyst.

53. Eg blir gripen av harme over dei lovlause,dei som går bort frå di lov.

54. Dine forskrifter er mine songarkvar eg enn held til.

55. Herre, eg kjem i hug namnet ditt om natta,og eg held di lov.

56. Slik er det med meg,for eg tek vare på dine påbod.Het ח

Les hele kapitlet Salmane 119