Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:23-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg,grundar din tenar på dine forskrifter.

24. Ja, eg frydar meg over dine lovbod,det er dei som gjev meg råd.Dalet ד

25. Eg ligg pressa mot støvet.Gjev meg liv slik du har sagt!

26. Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg.Lær meg dine forskrifter!

27. Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser!Eg vil grunda på dine under.

28. Mi sjel græt av sorg.Reis meg opp slik du har sagt!

29. Hald løgns veg borte frå meg,gjev meg i nåde di lov!

30. Eg har valt truskaps veg,dine lover har eg for auge.

31. Eg held fast på dine lovbod. Herre, lat meg ikkje bli til skamme!

32. Eg vil springa den vegen dine bod viser,for du gjer mitt hjarte stort.He ה

33. Herre, lær meg den vegen dine forskrifter viser,så vil eg alltid ta vare på han!

34. Gjev meg vit til å ta vare på di lovog halda henne av heile mitt hjarte!

Les hele kapitlet Salmane 119