Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:163-176 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

163. Eg hatar og avskyr løgn,men eg elskar di lov.

164. Sju gonger om dagen lovsyng eg degfor dine rettferdige lover.

165. Stor fred har dei som elskar di lov,ingen ting får dei til å snubla.

166. Herre, eg ventar på di frelse,eg følgjer dine bod.

167. Eg tek vare på dine lovbod,og eg elskar dei høgt.

168. Eg har halde dine bod og påbod,du kjenner alle mine vegar.Taw ת

169. Herre, lat ropet mitt nå fram til deg,gjev meg skjøn etter ditt ord!

170. Lat mi bøn koma fram for deg,berg meg, som du har sagt!

171. Lat leppene strøyma over av lovsong,for du lærer meg dine forskrifter.

172. Lat tunga syngja ut ditt ord,for alle dine bod er rettferdige.

173. Lat di hand koma meg til hjelp,for eg har valt dine påbod.

174. Herre, eg lengtar etter di frelse,eg frydar meg over di lov.

175. Lat meg leva og lovsyngja deg,lat dine lover vera mi hjelp!

176. Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau.Leit etter meg, din tenar,eg har ikkje gløymt dine bod.

Les hele kapitlet Salmane 119