Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:15-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Eg vil grunda på dine påbod,festa blikket på dine stigar.

16. Eg frydar meg over dine forskrifter,eg gløymer ikkje dine ord.Gimel ג

17. Gjer godt mot din tenar, eg vil levaog akta på dine ord.

18. Lat opp auga mine så eg kan sjådet underfulle i di lov!

19. Eg er ein framand på jorda,løyn ikkje boda dine for meg!

20. Eg fortærest dag og nattav lengt etter dine lover.

21. Du refsar dei frekke og bannstøytte,som villar seg bort frå dine bod.

22. Ta spott og forakt bort frå meg,for eg tek vare på dine lovbod.

23. Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg,grundar din tenar på dine forskrifter.

24. Ja, eg frydar meg over dine lovbod,det er dei som gjev meg råd.Dalet ד

25. Eg ligg pressa mot støvet.Gjev meg liv slik du har sagt!

26. Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg.Lær meg dine forskrifter!

27. Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser!Eg vil grunda på dine under.

28. Mi sjel græt av sorg.Reis meg opp slik du har sagt!

29. Hald løgns veg borte frå meg,gjev meg i nåde di lov!

30. Eg har valt truskaps veg,dine lover har eg for auge.

Les hele kapitlet Salmane 119