Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:148-164 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

148. Med auga opne går eg inn i kvar nattevaktfor å grunda på ditt ord.

149. Høyr meg i di miskunn, Herre,gjev meg liv etter dine lover!

150. Dei som skamlaust jagar meg, er nær,dei er langt borte frå di lov.

151. Herre, du er nær,alle dine bod er sanning.

152. Av dine lovbod har eg lenge skjønaat du har grunnlagt dei for evig.Resj ר

153. Sjå mi naud og fri meg ut!For eg har ikkje gløymt di lov.

154. Før mi sak og kjøp meg fri,gjev meg liv etter ditt ord!

155. For dei lovlause er hjelpa langt borte,dei spør ikkje etter dine forskrifter.

156. Herre, di miskunn er stor,gjev meg liv etter dine lover!

157. Det er mange som jagar meg og står meg imot,men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod.

158. Eg ser dei trulause og kjenner avsky,dei tek ikkje vare på ditt ord.

159. Sjå, eg elskar dine påbod! Herre, gjev meg liv i di miskunn!

160. Summen av ditt ord er sanning,dine rettferdige lover varer evig.Sjin ש

161. Stormenn jagar meg utan grunn,men i hjartet fryktar eg ditt ord.

162. Eg gleder meg over ditt ordlik ein som vinn stort krigsbytte.

163. Eg hatar og avskyr løgn,men eg elskar di lov.

164. Sju gonger om dagen lovsyng eg degfor dine rettferdige lover.

Les hele kapitlet Salmane 119