Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:144-159 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

144. Dine lovbod er alltid rette.Gjev meg skjøn så eg kan leva!Qof ק

145. Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre!Dine forskrifter vil eg ta vare på.

146. Eg ropar til deg, frels megså eg kan halda dine lovbod!

147. Før morgonen renn, ropar eg.Eg ventar på ditt ord.

148. Med auga opne går eg inn i kvar nattevaktfor å grunda på ditt ord.

149. Høyr meg i di miskunn, Herre,gjev meg liv etter dine lover!

150. Dei som skamlaust jagar meg, er nær,dei er langt borte frå di lov.

151. Herre, du er nær,alle dine bod er sanning.

152. Av dine lovbod har eg lenge skjønaat du har grunnlagt dei for evig.Resj ר

153. Sjå mi naud og fri meg ut!For eg har ikkje gløymt di lov.

154. Før mi sak og kjøp meg fri,gjev meg liv etter ditt ord!

155. For dei lovlause er hjelpa langt borte,dei spør ikkje etter dine forskrifter.

156. Herre, di miskunn er stor,gjev meg liv etter dine lover!

157. Det er mange som jagar meg og står meg imot,men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod.

158. Eg ser dei trulause og kjenner avsky,dei tek ikkje vare på ditt ord.

159. Sjå, eg elskar dine påbod! Herre, gjev meg liv i di miskunn!

Les hele kapitlet Salmane 119