Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:143-151 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

143. Naud og trengsle har kome over meg,men eg frydar meg over dine bod.

144. Dine lovbod er alltid rette.Gjev meg skjøn så eg kan leva!Qof ק

145. Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre!Dine forskrifter vil eg ta vare på.

146. Eg ropar til deg, frels megså eg kan halda dine lovbod!

147. Før morgonen renn, ropar eg.Eg ventar på ditt ord.

148. Med auga opne går eg inn i kvar nattevaktfor å grunda på ditt ord.

149. Høyr meg i di miskunn, Herre,gjev meg liv etter dine lover!

150. Dei som skamlaust jagar meg, er nær,dei er langt borte frå di lov.

151. Herre, du er nær,alle dine bod er sanning.

Les hele kapitlet Salmane 119