Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:120-132 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

120. Kroppen skjelv av redsle for deg,eg fryktar dine lover.Ajin ע

121. Eg har gjort det som er rett og rettferdig.Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!

122. Gå god for din tenar så det går han vel.Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!

123. Auga sloknar, eg ventar på di frelseog på ditt rettferdige ord.

124. Vis miskunn mot din tenar,lær meg dine forskrifter!

125. Eg er din tenar, gjev meg skjønså eg kan kjenna dine lovbod!

126. Det er tid for å gripa inn, Herre,for dei har brote di lov.

127. Difor elskar eg dine bodmeir enn gull, ja, skinande gull.

128. Difor retter eg meg etter alle dine påbod,eg hatar alle falske vegar.Pe פ

129. Underfulle er dine lovbod,difor tek eg vare på dei.

130. Dine ord gjev lys når dei opnar seg,dei gjev uvitande skjøn.

131. Med lengsel opnar eg munnen,for eg stundar etter dine bod.

132. Vend deg til meg og ver meg nådig!Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.

Les hele kapitlet Salmane 119