Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:114-124 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

114. Du er mitt vern og mitt skjold,eg ventar på ditt ord.

115. Vik frå meg, valdsmenn!Eg vil ta vare på boda frå min Gud.

116. Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva.Lat ikkje mi von bli til skamme!

117. Støtt meg så eg blir bergaog alltid har dine forskrifter for auge.

118. Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du,for dei fer med svik og løgn.

119. Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg,difor elskar eg dine lovbod.

120. Kroppen skjelv av redsle for deg,eg fryktar dine lover.Ajin ΧΆ

121. Eg har gjort det som er rett og rettferdig.Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!

122. Gå god for din tenar så det går han vel.Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!

123. Auga sloknar, eg ventar på di frelseog på ditt rettferdige ord.

124. Vis miskunn mot din tenar,lær meg dine forskrifter!

Les hele kapitlet Salmane 119