Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sæle er dei som er heile i si ferd,dei som følgjer Herrens lov.

2. Sæle er dei som tek vare på hans lovbod,som søkjer han av heile sitt hjarte.

3. Dei gjer ikkje urett,men går på hans vegar.

4. Du har gjeve dine påbodfor at dei skal haldast nøye.

5. Lat meg ferdast med faste stegså eg held dine forskrifter!

6. Då blir eg ikkje til skammenår eg har alle dine bod for auge.

7. Eg prisar deg av eit ærleg hjartenår eg lærer dine rettferdige lover.

8. Eg vil halda dine forskrifter,du må ikkje svikta meg!Bet ב

9. Korleis held den unge stigen sin rein?Ved å akta på dine ord.

10. Eg søkjer deg av heile mitt hjarte,lat meg ikkje villast bort frå dine bod!

11. Eg gøymer ditt ord i hjartetså eg ikkje skal synda mot deg.

12. Velsigna er du, Herre!Lær meg dine forskrifter!

13. Leppene mine reknar oppalle lovene frå din munn.

14. Dine lovbod viser meg veg,dei gjev like stor glede som all rikdom.

15. Eg vil grunda på dine påbod,festa blikket på dine stigar.

Les hele kapitlet Salmane 119