Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 114:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Israel drog ut frå Egypt,Jakobs hus frå eit framandt folk,

2. då vart Juda hans heilagdomog Israel hans rike.

3. Havet såg det og rømde,Jordan snudde og rann tilbake.

4. Fjella hoppa som vêrarog haugane som lam.

5. Kva har hendt deg, hav, sidan du rømmer,sidan du snur og renn tilbake, Jordan,

6. sidan de hoppar som vêrar, de fjell,og som lam, de haugar?

7. Jord, skjelv for Herrens andlet!Skjelv for Jakobs Gud,

8. han som gjer berget til ein innsjøog harde fjellet til ei vassrik kjelde.

Les hele kapitlet Salmane 114