Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 113:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Halleluja!Syng lovsong, Herrens tenarar,pris Herrens namn!

2. Velsigna vere Herrens namnfrå no og til evig tid!

3. Der sol går opp og sol går ned,skal Herrens namn vera lova.

4. Herren er opphøgd over alle folkeslag,hans herlegdom er høgare enn himmelen.

5. Kven er som Herren vår Gud,han som tronar i det høge

6. og ser i det djupe– kven i himmelen, kven på jorda?

7. Han reiser den veike opp av støvetog lyfter den fattige frå dungen.

8. Han gjev dei plass blant stormenn,dei store i sitt folk.

9. Den barnlause lèt han bu i husetsom lukkeleg mor til ein barneflokk.Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 113