Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 109:20-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Lat dette vera Herrens løntil dei som klagar megog talar vondt om meg.

21. Du, Gud Herre,gjer slik med meg for ditt namn skuld.Di miskunn er god, berg meg!

22. For eg er hjelpelaus og fattig,hjartet mitt er såra.

23. Eg kverv som skuggane når dei blir lange mot kveld;eg blir rist av som ei grashoppe.

24. Knea sviktar fordi eg fastar,eg blir mager, det er ikkje feitt på kroppen.

25. Eg har vorte til spott,dei rister på hovudet når dei ser meg.

26. Hjelp meg, Herre, min Gud,frels meg i di miskunn

27. så dei forstår at det kjem frå di hand,at du har gjort dette, Herre!

Les hele kapitlet Salmane 109