Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 109:13-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Lat etterkomarane hans bli utryddaog namna strokne i neste slektsledd.

14. Måtte Herren minnast hans fedrars skuld,synda til mor hans må ikkje strykast ut.

15. Måtte Herren alltid ha dei for augaog utrydda minnet om dei frå jorda.

16. For han tenkte aldri på å visa miskunn,men jaga dei hjelpelause, fattige og motlausefor å drepa dei.

17. Han elska å forbanna,lat forbanning koma over han!Han ville ikkje velsigna,lat velsigning flykta frå han!

18. Han kledde seg i forbanning som kappe.Lat henne trengja inn i han som vatn,inn i knoklane som olje.

19. Lat henne bli som kleda han tek på,som eit belte han alltid ber!

20. Lat dette vera Herrens løntil dei som klagar megog talar vondt om meg.

21. Du, Gud Herre,gjer slik med meg for ditt namn skuld.Di miskunn er god, berg meg!

22. For eg er hjelpelaus og fattig,hjartet mitt er såra.

23. Eg kverv som skuggane når dei blir lange mot kveld;eg blir rist av som ei grashoppe.

24. Knea sviktar fordi eg fastar,eg blir mager, det er ikkje feitt på kroppen.

25. Eg har vorte til spott,dei rister på hovudet når dei ser meg.

26. Hjelp meg, Herre, min Gud,frels meg i di miskunn

27. så dei forstår at det kjem frå di hand,at du har gjort dette, Herre!

Les hele kapitlet Salmane 109