Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 107:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dei skal prisa Herren for hans miskunn,for hans undergjerningar mot mennesket.

9. Han lét den tørste drikka,han metta den svoltne med gode gåver.

10. Somme sat i mørker og dødsskugge,bundne i naud og jern,

11. for dei hadde trassa Guds ordog forakta råd frå Den høgste.

12. Hjartet deira vart kua av slit,dei snubla, det var ingen som hjelpte.

13. Då ropa dei til Herren i si naud,og han berga dei ut av trengslene.

14. Han førte dei ut av mørker og dødsskuggeog sleit sund lenkjene deira.

15. Dei skal prisa Herren for hans miskunn,for hans undergjerningar mot mennesket.

16. Han knuste dører av bronse,bommar av jern hogg han sund.

17. Somme vart dumme av sine feiltrinn,dei vart plaga for sine synder.

18. Dei fekk avsky for alle slag matog kom heilt til dødens portar.

19. Då ropa dei til Herren i si naud,og han berga dei ut av trengslene.

20. Han sende sitt ord og lækte deiog fria dei frå grava.

21. Dei skal prisa Herren for hans miskunn,for hans undergjerningar mot mennesket.

22. Dei skal slakta takkofferog fortelja om hans gjerningar med jubel.

23. Somme fór ut på havet med skip,dreiv handel på veldige vatn.

Les hele kapitlet Salmane 107