Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 107:34-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. og grøderik jord til salt,for dei som budde der, var vonde.

35. Han gjorde ørken til innsjø,tørt land til vassrike kjelder.

36. Der lét han dei svoltne slå seg ned,dei grunnla ein by der dei kunne bu.

37. Dei sådde åkrane til og planta vinmarkersom bar fram grøde dei kunne hausta.

38. Han velsigna dei, og dei vart talrike,han lét dei ikkje mangla fe.

39. Sidan vart dei få,dei vart tyngde nedav undertrykking, ulukke og sorg.

40. Han auste forakt over stormennog førte dei vill i veglause øyda,

41. men lyfte dei fattige opp av naudaog gjorde deira slekter talrike som ein saueflokk.

42. Dei rettvise ser det og gleder seg,all urett må lata att sin munn.

43. Den som er vis, skal ta vare på detteog merka seg Herrens miskunn.

Les hele kapitlet Salmane 107