Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 107:23-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Somme fór ut på havet med skip,dreiv handel på veldige vatn.

24. Dei såg kva Herren gjorde,hans undergjerningar ute på djupet.

25. Han tala, og det bles opp til uvêr,bølgjene gjekk høge.

26. Dei steig mot himmelen, dei sokk i djupet.Dei mista motet i nauda,

27. dei tumla og rava som drukne,det dei kunne, var til inga nytte.

28. Då ropa dei til Herren i si naud,og han førte dei ut av trengslene.

29. Han fekk stormen til å stilna,og bølgjene la seg.

30. Då det stilna, vart dei glade.Han førte dei i hamn der dei ville.

31. Dei skal prisa Herren for hans miskunn,for hans undergjerningar mot mennesket.

32. Dei skal opphøgja han når folket samlast,prisa han der dei eldste sit.

33. Han gjorde elvar til ørken,vassrike kjelder til tørstande land

34. og grøderik jord til salt,for dei som budde der, var vonde.

35. Han gjorde ørken til innsjø,tørt land til vassrike kjelder.

36. Der lét han dei svoltne slå seg ned,dei grunnla ein by der dei kunne bu.

37. Dei sådde åkrane til og planta vinmarkersom bar fram grøde dei kunne hausta.

38. Han velsigna dei, og dei vart talrike,han lét dei ikkje mangla fe.

39. Sidan vart dei få,dei vart tyngde nedav undertrykking, ulukke og sorg.

40. Han auste forakt over stormennog førte dei vill i veglause øyda,

41. men lyfte dei fattige opp av naudaog gjorde deira slekter talrike som ein saueflokk.

Les hele kapitlet Salmane 107