Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 107:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Pris Herren, for han er god,evig varer hans miskunn.

2. Dette skal Herrens utløyste seia,dei som han løyste ut av nauda

3. dei som han samla frå landa,frå aust og vest, frå nord og frå havet.

4. Somme fór vill i ørken og øydemark,dei fann ikkje vegen til ein by der dei kunne bu.

5. Dei var svoltne og tørste,kreftene vart borte.

6. Då ropa dei til Herren i si naud,og han fria dei ut av trengslene.

7. Han førte dei på rett vegså dei kom til ein by der dei kunne bu.

Les hele kapitlet Salmane 107