Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 106:38-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Dei auste ut uskuldig blod,blodet av søner og døtrersom dei ofra til gudebileta i Kanaan.Og landet vart vanhelga av blodet.

39. Dei vart ureine gjennom sine handlingar,med alt dei gjorde, dreiv dei hor.

40. Då flamma Herrens vreide opp mot folket,han hadde avsky for dei som høyrde han til.

41. Han gav dei i hendene på andre folkeslag,dei som hata dei, vart deira herrar.

42. Dei vart undertrykte av fiendarog måtte bøya seg under deira hand.

43. Mange gonger fria han dei ut,likevel trassa dei han med sine planarog gjekk under i synd.

44. Men han såg til dei i naudadå han høyrde dei ropa.

45. Han kom i hug si pakt med deiog viste medynk i sin store kjærleik.

46. Så lét han dei møta miskunnhos alle som heldt dei som fangar.

47. Frels oss, Herre, vår Gud,sank oss inn frå folkaså vi kan prisa ditt heilage namnog uredde lovsyngja deg.

48. Velsigna er Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og heile folket skal seia: Amen!Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 106