Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 106:3-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Sæle er dei som tek vare på rettenog alltid fremjar rettferd.

4. Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,kom til meg med di frelse.

5. Då kan eg sjå kor godt det går dine utvalde,få del i gleda til folket dittog prisa meg lukkeleg saman med dine.

6. Vi har synda slik fedrane våre gjorde,vi har bore oss ille åt og gjort urett.

7. Fedrane våre i Egypt tenkte ikkje på dine under,dei kom ikkje i hug di store miskunn.Ved sjøen var dei trassige, ved Sivsjøen.

8. Men han frelste dei for sitt namn skuldså dei skulle kjenna hans kraft.

9. Han truga Sivsjøen, og sjøen tørka inn,han førte dei gjennom djupet som gjennom ein ørken.

10. Han frelste dei frå hatarhand,frå fiendehand fria han dei.

11. Motstandarane vart dekte av vatnet,ingen kom frå det med livet.

12. Då stola dei på hans ordog song lovsong for han.

13. Snart gløymde dei det han hadde gjort,og venta ikkje meir på råd frå han.

14. Dei vart griske og grådige i ørkenen,i øydemarka sette dei Gud på prøve.

15. Då gav han dei det dei kravde,men sende sjukdom som tærte dei bort.

16. Dei vart misunnelege på Moses i leirenog på Aron, Herrens heilage.

Les hele kapitlet Salmane 106