Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 106:26-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Då lyfte han handa mot deiog svor å slå dei ned der i ørkenen,

27. å spreia deira ætt mellom folkaog strø dei ut i landa.

28. Dei slutta seg til Baal-Peorog heldt offermåltid for døde.

29. Dei gjorde han rasande med sine gjerningar,og pest braut ut imellom dei.

30. Då stod Pinhas fram og felte dom,og pesten stansa.

31. Han vart rekna som rettferdigfrå slekt til slekt i alle tider.

32. Dei gjorde han harm ved Meriba-kjelda,og Moses måtte lida for deira skuld.

33. Dei gjorde han beiskså han tala utan å tenkja.

34. Dei rydda ikkje ut folkaslik Herren hadde sagt,

35. men blanda seg med andre folkeslagog lærte å gjera som dei.

36. Dei dyrka gudebilete,det vart ei snare for dei.

37. Dei ofra sine søner og døtrertil dei vonde åndene.

38. Dei auste ut uskuldig blod,blodet av søner og døtrersom dei ofra til gudebileta i Kanaan.Og landet vart vanhelga av blodet.

Les hele kapitlet Salmane 106