Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 106:24-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Dei vraka det herlege landetog stola ikkje på hans ord.

25. Dei murra i teltaog høyrde ikkje på Herrens røyst.

26. Då lyfte han handa mot deiog svor å slå dei ned der i ørkenen,

27. å spreia deira ætt mellom folkaog strø dei ut i landa.

28. Dei slutta seg til Baal-Peorog heldt offermåltid for døde.

29. Dei gjorde han rasande med sine gjerningar,og pest braut ut imellom dei.

30. Då stod Pinhas fram og felte dom,og pesten stansa.

31. Han vart rekna som rettferdigfrå slekt til slekt i alle tider.

32. Dei gjorde han harm ved Meriba-kjelda,og Moses måtte lida for deira skuld.

33. Dei gjorde han beiskså han tala utan å tenkja.

34. Dei rydda ikkje ut folkaslik Herren hadde sagt,

35. men blanda seg med andre folkeslagog lærte å gjera som dei.

36. Dei dyrka gudebilete,det vart ei snare for dei.

Les hele kapitlet Salmane 106