Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 106:15-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då gav han dei det dei kravde,men sende sjukdom som tærte dei bort.

16. Dei vart misunnelege på Moses i leirenog på Aron, Herrens heilage.

17. Jorda opna seg og slukte Datan,ho lukka seg over Abirams følgje.

18. Då braut det ut eld blant dei,og logen brende opp dei skuldige.

19. Ved Horeb laga dei ein kalvog bøygde seg for det støypte biletet.

20. Dei bytte bort si æremot eit bilete av ein okse som et gras.

21. Dei gløymde Gud som frelste dei,som gjorde storverk i Egypt.

22. Han gjorde under i Hams landog skremmande gjerningar ved Sivsjøen.

23. Han sa at han ville rydda dei ut,men Moses, hans utvalde, la seg imellomog stagga hans øydeleggjande harme.

24. Dei vraka det herlege landetog stola ikkje på hans ord.

Les hele kapitlet Salmane 106