Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 106:14-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Dei vart griske og grådige i ørkenen,i øydemarka sette dei Gud på prøve.

15. Då gav han dei det dei kravde,men sende sjukdom som tærte dei bort.

16. Dei vart misunnelege på Moses i leirenog på Aron, Herrens heilage.

17. Jorda opna seg og slukte Datan,ho lukka seg over Abirams følgje.

18. Då braut det ut eld blant dei,og logen brende opp dei skuldige.

19. Ved Horeb laga dei ein kalvog bøygde seg for det støypte biletet.

Les hele kapitlet Salmane 106