Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 106:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Halleluja!Takk Herren, for han er god,evig varer hans miskunn.

2. Kven kan nemna alle Herrens storverk,fortelja om det herlege han har gjort?

3. Sæle er dei som tek vare på rettenog alltid fremjar rettferd.

4. Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,kom til meg med di frelse.

5. Då kan eg sjå kor godt det går dine utvalde,få del i gleda til folket dittog prisa meg lukkeleg saman med dine.

6. Vi har synda slik fedrane våre gjorde,vi har bore oss ille åt og gjort urett.

7. Fedrane våre i Egypt tenkte ikkje på dine under,dei kom ikkje i hug di store miskunn.Ved sjøen var dei trassige, ved Sivsjøen.

Les hele kapitlet Salmane 106