Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 105:32-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Han gjorde regnet til haglog sende flammande eld i landet.

33. Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned,han knuste kvart tre i landet.

34. Då han gav bod, kom det grashopperog sirissar utan tal.

35. Dei åt opp alt som voks i landet,dei åt opp grøda på marka.

36. Gud slo alle førstefødde i landet,førstegrøda av deira kraft.

37. Så førte han dei ut med sølv og gull,ingen i stammane hans snubla.

38. Det var glede i Egypt då dei drog ut,landet var slege av redsle for dei.

39. Han breidde ut ei sky til å dekkja deiog ein eld til å lysa om natta.

40. Då dei bad, sende han vaktlarog metta dei med himmelbrød.

41. Han opna berget, og vatnet strøymde fram,det rann som ei elv i det tørre landet.

42. For han kom i hug sitt heilage ordtil Abraham, sin tenar.

43. Han lét folket sitt dra ut med glede,sine utvalde med jubelrop.

44. Han gav dei land som andre folk eigde,dei overtok det andre hadde streva for,

45. så dei skulle halda hans forskrifterog ta vare på hans lover.Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 105